Første karusellrenn blir onsdag 12. januar kl. 18.00. Klassisk stil. Påmelding på arenaen før kl. 18. Startkontingenten er 50 ,- kr. for heile karusellen. Premiering for dei som har fire renn totalt.
Andre onsdagen med karusellrenn er samtidig oppstart for Telenorkarusellen. Også det kl. 18. Ekstra premiering for dei som har to Telenorkarusellar.
Karusellen fortset kvar onsdag fram til vinterferien med vekselvis klassisk og fristil.