Sirdalsstafetten 2011

Mange lag stilte til start på Sirdalsstafetten onsdag 23. mars, og dei blei mange fine duellar i sporet. I menn senior var det eit stertkt felt som la ut frå start med Audun Laugaland, Torgeir Nevland og Runar Lien i spissen. Hjelmeland hadde det beste mannskapet, og passerte målstreken først. Men også i yngre klassar var det sterke prestasjonar.  Mildveret til tross var det gode forhold. For å få best muleg spor blei det salta i partiar av løypa. Starten var kl. 18 og 19.45 hadde sistemann premien i lomma på veg heim. Arrangøren, Tonstad IL var godt nøgd med oppslutning og gjennomføring av årets Sirdalsstafett.

Sjå resultatliste på www.feedskiarena.no og resultater.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *