Skikarusellen 2010
Skikarusellen er åpen for alle. Det blir tilbod både for dei som vil gå på tid, og for dei som vil gå ei runde utan tidtaking.
13. jan.: Fristil
20. jan: Klassisk.
27. jan: Fristil
3. febr: Telenorkarusellen Langrennscross klassisk.
10. febr: Telenorkarusellen Langrennscross fristil
17. febr: Telenorkarusellen Langrennscross klassisk
24. febr: Telenorkarusellen Langrennscross fristil
3. mars Klassisk
10. mars: Fristil. Avslutning og premieutdeling for karusellen.
Telenorkarusellen: Fire karusellrenn i februar blir det litt ekstra for dei opp til og med 12 år. Då skal vi gjera det ekstra spennande å gå på ski. Dersom det er snø nok vil løypa få ekstra svingar og dumpar. Deltakarane får ein premie andre gong dei går Telenorkarusell.
NB! Dei andre gongene er vanleg karusell. Det er det og for alle over 12 år dei gongene det er Telenorkarusell.
STILART: For dei som går på tid, blir det fri teknikk og klassisk annankvar gong. Deltakarar som ikkje går på tid kan velgja teknikk.
PÅMELDING: På Feed før kl. 18.00 for dei som vil gå på tid.Trimklasse (utan tid) må registrera seg og starta i tidsrommet 18.00 – 19.00.
STARTKONT.: Alle som vil vera med i karusellen betalar ei eingongsavgift på kr. 50.-
PREMIERING: Alle som fullfører minst 4 renn blir premiert. Vanleg premiering til slutt for alle løpa (inkludert Telenorkarusell)
RESULTAT: I karusellen er det å delta viktigast, å gå på ski i lag med andre gir skiglede. Vi kjem ut i frisk luft. Kiosken har litt godt å by på. Kos deg på karusellrennet ! Resultatet kjem i andre rekke. Resultatlistene blir derfor bare slått opp på Feed før neste renn. Rangering på listene er tilfeldig. Tidene kan heller ikkje utan vidare samanliknast, det kan vera at kameraten i same klassen har vald ei anna løypelengde. Vi ber derfor spesielt foreldra ikkje fokusera for mykje på plassering.